Changemaker såg for fyrste gang dagens lys som eit prosjekt for å få unge mennesker til å engasjere seg og bli givera i Kirkens Nødhjelp. Dette var i år 1992, og reklamen var: "global gerilja- for deg som tør".
Så hadde det seg slik at ein gjeng entusiastiske changemakera som kalla seg "cape to cape ’93" la ut på ein sykkeltur som gjekk frå "cape to cape", frå Nord-kapp til Kapp det Gode Håp i Sør-Afrika. Dei ville vise at urettferdigheita var berre ein sykkeltur unna, og at det derfor er fullt mulig og "lukke" gapet mellom nord og sør!
Etter å ha lagt bak seg 22 000 kilometer på sykkel, reiste ein del av desse syklistane ut på informasjonssturne over heile Norge for å verve fleire ivrige entusiastar inn i "klart vi kan forandre verden"- gjengen. Detter var noko dei greidde med glans, og medlemstala auka, og Changemaker vart større og større.
I tidlege tider vart det arrangert noko som heitte u-landsseminar. Dette var eit samarbeid mellom Kirkens Nødhjelp og Skjærgårdsgospel, og var det som etterkvart blei SNU. Første gong SNU heitte SNU var tidleg på nittitalet. Ein kjempedugnad med mamma Gjernes (mor til ein av syklistane) på kjøkkenet og seminar om grunnleggande årsaker til urettferdigheta. Changemaker var blitt meir enn eit prosjekt for å samle inn pengar, det var ein bevegelse!
I byrjinga var mykje av arbeidet konsentrert rundt spørsmål om forbruk og sletting av u-landsgjelda. Det var tidlig nittital med mariusgensera, rettferdighandla varer, store elefantar og svære lenker. Først i 1997 når det første demokratisk valte sentralstyret kom til makta byrja ein å sjå konturane av det systemet Changemaker er i dag. I 1998 fekk vi for første gang plattform og vedtekter, og sakte men sikkert utvikla Changemaker seg fram imot den bevegelsen som vi er i dag.
Changemaker er på ingen måte ferdig, så utviklinga og veksten kjem til å rulle vidare heilt fram til den dagen verden er ein rettferdig plass. For det står nemlig i vedtektene våre. "Changemaker bør kun oppløses når verden er blitt rettferdig."