Changemaker er Kirkens Nødhjelps ungdomsrørsle, og difor både samarbeider vi med og utfordrar kyrkjene i Noreg.
Changemaker jobbar politisk for å kyrkjene til å standpunkt i saker vi meiner er viktige for verdas fattige. Vi utfordrar kyrkjene på lik linje med andre aktørar med makt, men har også kyrkja som ein viktig støttespelar i mange av våre kampanjar. Eit døme på dette er då vi i 2003 fekk biskop i Nidaros, Finn Wagle, til å erklære seg "hiv positiv". Les meir om det her. Changemaker samarbeider også med det internasjonale kirkenettverket i arbeidet for å forandre verden.
Mange ungdommar i kyrkjene er engasjert i korleis verda er, og Changemaker vil vere eit handlingsalternativ for alle desse som vil vere med å forandre verda. Difor har vi mange foredrag i kyrkjelydar og vi er til stades på mange kristne ungdomsarrangement.
Changemaker er for all ungdom, men vi har nokre eigne tilbod til dei som ynskjer å kombinere engasjementet for verda med trua dei har. På SNU har vi til dømes kveldssamlingar og av og til gudstenester, men det er berre for dei som har lyst. Vi har eit opplegg for changemakerkonfirmantar.
Ta kontakt med
i Changemaker om du har spørsmål. Nettverkskonsulenten er den som holder kontakt med alle i kyrkje-Noreg som Changemaker samarbeidar med, og jobbar mykje med å få ungdom i kyrkjene til å engasjere seg i Changemaker.