Våpeneksport
Kva meiner Changemaker?
Handvåpen og ammunisjon
Mindre ammunisjon kan hindre krig
Våpenhandel
Norges rolle som våpeneksportør
Norges rolle som ammunisjonsprodusent
Norske reglar for sal av våpen
Changemaker krev endring
Årleg tek handvåpen livet av 500 000 menneske. Omlag ein av tre menneske seier dei har vorte påverka av våpenkriminalitet. Globalt eksisterer det 639 millionar handvåpen og 12 milliardar kuler.
Ukontrollert spreiing av handvåpen og ammunisjon er eit stort hinder for utvikling og aukar faren for vald og kriminalitet. Det bidrar til ei forverring og forlenging av konflikter. Ein stor del av våpeneksporten er ulovleg, og spesielt i utviklingsland er den illegale marknaden for handvåpen er utbreidt. Handvåpen vert med rette kalla vår tids masseøydeleggingsvåpen. Det finst ingen bindande internasjonale avtalar som regulerer handelen med handvåpen og lovene varierer frå land til land. Våpenhandel er også i stor grad lukka, og det finnes lite offentleg informasjon om kor våpen og ammunisjon hamnar. Vi kan derfor ikkje vite sikkert om norske våpen og ammunisjon brukast i krigsområdar eller av kriminelle. Changemaker meiner at ein må få betre kontroll av og innsyn i våpeneksporten.
Til toppen
 |
Changemaker vil med alt sitt fredsarbeid jobbe for å stoppe bruk av vald, krig og terror. Krig hindrar utvikling og skapar ei utrygg og urettferdig verd med skeiv fordeling av makt og ressursar. Changemaker meiner Norge må fortsette å aktivt arbeide i internasjonale fora mot atomvåpen, for vidareutvikling av ikkjespreiingsavtalen og generell militær nedrusting. Vi ønskjer samtidig eit internasjonalt bindande samarbeid for salg av handvåpen. Derfor vil Changemaker ha strengare kontroll av norsk våpeneksport og bruk av norsk krigsmateriale. Norge må innføre ein garanti for å dokumentere kvar norske våpen vert brukt og kreve sluttbrukarerklæring frå våre allierte. Inntil det vert gjort, er det viktig at norskprodusert våpen og ammunisjon vert tilstrekkeleg merka |
slik at det er mulig å spore kvar dei havnar. For å sikre at ingen norskproduserte kular havnar på avveie, er det også nødvendig at norske våpenfabrikkar er opne om produksjonen sin og følgjer norske reglar for eksport uansett kva land fabrikkane ligg i.
Til toppen
Alle våpen som kan berast og avfyrast av ein person er eit handvåpen. Typiske eksempel er rifle, revolver, maskingevær og granatkastar. Handvåpen er lette å vedlikehalde og kan vere fullt funksjonelle i opptil hundre år. Ammunisjon, derimot, kan berre brukast ein gong. Utan ammunisjon kan ein ikkje avfyre eit handvåpen. Ammunisjon vert som oftast produsert i nord og brukt i sør.
Til toppen
I mange land der det tidlegare har vore krigar og konfliktar, er det stor spredning av handvåpen i etterkrigstida. Ved å redusere tilgjengelegheita til ammunisjon i desse landa, kan ein hindre at desse våpna vert brukte. Manglande ammunisjonstilgang har fleire stader gjort at store mengder handvåpen har vorte gjort ubrukelege. Såleis har volden blitt redusert og eit tilbakefall til krig kan ha blitt forhindra.
Trykk her for å lese om eksempler fra fattige land
Til toppen
Våpenhandel er kanskje verdas største industri. Den er ein massiv global industri som sel våpen, militærteknologi og krigsmateriell hovudsakleg til statar sitt væpna forsvar. Produkta inkluderer revolverar, ammunisjon, missilar, militære fly, militære kjøretøy, skip, elektroniske system med meir. Våpenindustrien driv også med forsking og teknologisk utvikling, blant anna for å gjere krigsmateriellet enda betre og sikrare i bruk.
Over 900 milliardar dollar vert brukt årleg på våpen og militærutgifter i verda. Omkring 50 % av verdas militære budsjett vert brukt til kjøp av krigsmateriell. Våpenindustrien utgjer dermed totalt omtrent 500 milliardar dollar, og er ei fullstendig lovleg forretning. Til samanlikning kan det seiast at FN reknar med at det ville ha kosta 10 milliardar dollar å sikre universell grunnskuleutdanning til alle.
Til toppen
Norge er verdas ellevte største våpeneksportør. Rekna ut frå folketal er vi verdas største. Korleis kan det ha seg at eit land som aktivt motarbeider klasevåpen internasjonalt samtidig sel våpendelar som gjer det mulig for amerikanske styrkar å avfyre dei? Korleis er det mulig for ein fredsnasjon som Norge å selje våpen til land i krig?
Norge vart i 1949 medlem av NATO (North Atlantic Treaty Organization) – ein militær forsvarsallianse av nordiske, europeiske og nordamerikanske land. Medlemsskapet i denne alliansen medførte både utanrikspolitiske og næringspolitiske endringar for Norge. Gradvis bygde dermed Norge opp ein forsvarsindustri som først og fremst samhandla med dei NATO-allierte. NATO-landa har ofte samarbeida om våpensystem, og fleire land leverer ofte deler til dei same produkta. Svært mykje av norsk våpenindustri er i dag slike delleveransar.
Til toppen
Norge er ein stor produsent av ammunisjon til handvåpen og komponentar til større militært materiell. Ein av verdas største produsentar av militær handvåpenammunisjon er det nordiske selskapet NAMMO (Nordic Ammunition Group). Den norske staten eig 50% av aksjane i dette våpenselskapet. Resten er eigd av finske og svenske våpenselskap. NAMMO er i enorm vekst og gjekk i 2007 med stort overskot i omsetjing og inntjening pga aukt ammunisjonseksport. Dei sel 54 % av produkta sine til det finske, svenske og norske forsvaret. Resten av kundane er i hovudsak NATO-land og andre europeiske land som igjen kan selje ammunisjonen vidare. Ammunisjonen produserast i Norge, Sverige og Finland, i tillegg blir det drive lisensiert produksjon i blant anna Malaysia og Polen. NAMMO følgjer den eksportkontrollen som vert krevd for kvart enkelt land selskap eksporterer frå. Den eksportpraksisen selskapet følgjer er ikkje nødvendigvis samanfallande med den norske stat si haldning til kven ein bør og ikkje bør eksportere ammunisjon til. Sidan den norske stat eig halvparten av NAMMO sine aksjar har dei eit ekstra stort ansvar for å hindre at ammunisjonen kjem på avveie. Det er derfor veldig problematisk at NAMMO eksporterer ammunisjon til mottakarar den norske stat ville ha nekta å innvilge eksportlisens til. Ein studie gjort for Kirkens Nødhjelp viser at NAMMO og landa som dei eksporterer til, ikkje i alle tilfelle følgjer norske reglar for eksport. Når Norge eksporterer store mengder ammunisjon til USA, veit vi samtidig at amerikanarane sel handvåpen og ammunisjon til Columbia, Saudi Arabia, Dei Forente Arabiske Emiratar og Sri Lanka. Sannsynlegheiten for at norske kuler havnar i desse landa er altså stor, men det har vi ingen muligheit til å kontrollere fordi dei ikkje er tilstrekkeleg merka.
Til toppen
Det er ikkje tillate å selje norskprodusert militært materiell til land i krig, der det er borgarkrig eller til område der krig truar. Det heiter det i eit stortingsvedtak frå 1959. I 1997 vart det lagt til at Norge heller ikkje kan selje våpen til udemokratiske regime eller til land der det vert gjort grove brot på menneskerettane. Unntaket frå lova er dei NATO-allierte. Norge kan selje til andre NATO-land utan å kreve sluttbrukarerklæring eller hindre vidaresal. Vi har derfor ingen muligheit til å kontrollere kva dei våpna vi eksporterer til andre NATO-land blir brukt til. I 1996 vart det avslørt at ein Hellfire-rakett avfyrt av israelske soldatar trefte ein ambulanse i Libanon. Norskeigde Dyno hadde same år fått monopol på å levere høgeksplosivar til samtlege Hellfire-rakettar som vart produsert verda over.
|
|
|
Eksportreglar i våpenbransjen er vanskelege å forstå. Det er mange land Norge ikkje kan selje til, men innan NATO er det meste greitt. I 2004 vart norskproduserte våpen selt vidare via Tsjekkia til 6 av våre 7 hovudsamarbeidsland som mottok norsk bistand. |
Desse landa var blant verdas fattigaste, nemlig Mosambik, Tanzania, Uganda, Zambia, Bangladesh og Nepal. Det er eit stort paradoks at ei humanitær stormakt som Norge kan gje bistand med den eine handa og våpen med den andre til nett det same landet. Våpenhandel innan forsvarsalliansen er bygd på tillit.Når norske våpen eksporterast til USA og andre NATO-land vert det derfor ikkje krevd sluttbrukarerklæring og det er ikkje mulig å spore kven som er siste brukar av norsk produsert krigsmateriale. Norske myndigheiter registrerer berre våpen produsert i Norge som eksport frå vårt land. I NAMMOs tilfelle blir tala totalt misvisande når berre ein tredjedel av produksjonen foregår i Norge. ”Alt er ikkje altså ikkje heilt opent. Viss alle veit alt om koss eg driv, blir det dårlig butikk” uttalte konsernsjef i NAMMO, Edgar Fossheim. Våpen kan bytte hender mange gonger. Kvar dei ender opp til slutt er vanskelig å spore, for det er ikkje noko krav om at norske våpen skal merkast. ”Merking av våpen er ein fordyrande prosess. Ein kan ikkje lage reglar som gjeld einsidig for Norge,” meiner konsernsjefen.
Til toppen
Regjeringa i Norge er ansvarlig for sal av norske våpen til utlandet. Regjeringa er også den største eigaren av ammunisjonsselskapet NAMMO. Per i dag kan ikkje regjeringa svare på om det finst norskproduserte kular i Somalia, Israel eller Etiopia. Det vil Changemaker og gjere noko med slik at vi kan hindre at norske kular er på avveie. Derfor krev vi økt kontroll av norsk våpeneksport gjennom større innsyn og openheit om produksjon og eksport av norsk krigsmateriale.
Stortingsmelding om eksportkontroll og ikkje-spreiing
Fredslaget
Røde Kors
Til toppen