Hopp direkte til innhold

Gribbefond

"Gribbefond" er ei nemning som blir brukt på sparefond, bankar, selskap – finansaktørar - som kjøper opp fordringar/gjeldsbrev frå kreditorar billig, for så å krevje inn heile det opphavlege gjeldsbeløpet. Gribbefond kjøper gjeld som land i Sør skuldar land i Nord, eller gjeld som selskap på randen av konkurs har.

Kven er gribbefonda?
Døme på korleis gribbefonda opererer
Zambia: Donegal Int.
Peru: Elliot Ass.
HIPC og gribbefond
Kva er Noreg sin politikk på dette?
Dette meiner Changemaker
Lenker

 

Kven er gribbefonda?

Desse selskapa er ofte svært hemmelegheitsfulle, og mange av dei er registrerte i skatteparadis. Nokre er eigde av store britiske og amerikanske finansinstitusjonar som t.d. hedge-fond, og om nokre gribbefond finst det ikkje informasjon om kven som eig dei. Ofte blir selskap skapt berre for å forfølge ei gjeld, og så lagt ned etterpå. Som t.d. Donegal International Ltd.

Til toppen

 

Døme på korleis gribbefonda opererer

Gribbefond kjem ofte på banen etter at eit land har fått gjeldslette via HIPC-initiativet. Pga. at landa sit att med mindre gjeld etter noko sletting, og dermed har meir pengar til rådigheit, kjem gribbefond inn med sine rettslege krav. Då har landa i teorien større moglegheit til å betale den attståande gjeldsmengda, men dette undergrev HIPC-initiativet sia dei frigitte midla blir brukt på anna gjeldsnedbetaling enn på t.d. helse og utdanning som landet kanskje treng meir. Det kjem av at private aktørar ikkje treng å tilslutte seg HIPC-initiativet. 

Til toppen

 

Zambia: Donegal-saka

 Zambia lånte pengar frå Romania i 1979 for å kjøpe landbruksmaskiner. På 90-talet klarte ikkje Zambia å handtere gjelda, og då gjekk Romania og Zambia i forhandlingar for å blieinige om ei løysing. Før dei vart ferdige med prosessen, kom Donegal Int. Ltdinn i bildet. Dei kjøpte fordringa/gjeldsbrevet på 30 millionar dollar frå Romania for 3.3 mill. dollar. Så saksøkte dei Zambia i ein britisk domstol for beløpet pluss renter, 55 mill. dollar, 51.7 mill. dollar meir enn det dei hadde betalt for fordringa. Donegal vart tilkjent 15.5 mill. dollar. Domstolen og Donegal tok beslag i eit privat britisk selskap som det zambiske forsvarsdepartementet eigde, og tvang slik Zambia til å betale.

Donegal Int. Ltd. er registrert i skatteparadiset Dei Britiske Jomfruøyene, og den britiske domstolen klarte ikkje å finne ut kven som eigde selskapet under rettssaka. I ettertid har det komme fram at direktøren i Donegal eig eit større selskap registrert i Washington DC, USA, som heiter Debt Advisory International.

Til toppen

 

Peru: Elliot Associates-saka

Elliot Associates, eit New York-registrert investeringsfond betalte 11.4 mill. dollar for ei opphavleg Peru-gjeld på 20.7 mill i 1996. Elliot vart tilkjent 58.4 mill. dollar i ein New York-domstol i 2000, og Peru, som var midt inne i ein stor gjeldsrestruktureringsprosess som Elliot valte å stå utanfor, betalte for å ikkje øydelegge prosessen eller miste kredittverdigheit.

Til toppen

 

HIPC-initiativet

Gribbefond kjem ofte på banen etter at eit land har fått gjeldslette via HIPC-initiativet. Pga. at landa sit att med mindre gjeld etter noko sletting, og dermed har meir pengar til rådigheit, kjem gribbefond inn med sine rettslege krav. Då har landa i teorien større moglegheit til å betale den attståande gjeldsmengda, men dette undergrev HIPC-initiativet sia dei frigitte midla blir brukt på anna gjeldsnedbetaling enn på t.d. helse og utdanning som landet kanskje treng meir. Det kjem av at private aktørar ikkje treng å tilslutte seg HIPC-initiativet.

Til toppen

 

Kva er Noreg sin politikk på dette?

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim har engasjert seg i gribbefondproblematikken. T.d. er Noreg ein viktig og stor aktør når det gjeld "tilbakekjøp" av gjeld. "Tilbakekjøp" vil seie at ei Verdsbank-leia gruppe av land kjøper opp gjelda land i Sør har til private finansaktørar (potensielle gribbefond), for så å slette den for å unngå søksmål og større gjeldsbyrde for landa i Sør. Noreg har vore med på sju slike tiltak dei siste ti åra, og Noreg var hausten 2007 den største gjevaren i ein slik gjenkjøpsoperasjon på 335 mill. kroner som kjøpte 95% av Nicaragua si private gjeld. Ein liknande operasjon med Noreg som hovudaktør har funne stad i Mosambik. Utanom å halde fram med gjenkjøp, er det ingen andre konkrete planar.

Til toppen

 

Changemaker meiner

Changemaker meiner at dette er eit stort urettferdsproblem der ein tydeleg ser at rike selskap i Nord utnytter fattige land i Sør. Gjenkjøpsoperasjonar er ikkje ei løysing på problemet ettersom ein ikkje hindrar problemet å gjenta seg, men berre går inn i enkelte tilfelle. Dette er ein "plasterpolitikk" som ikkje forandrar årsakene til gribbefondproblematikken. For å forhindre meir av denne "gribbeoppførselen" på finansmarknaden, må verdssamfunnet innføre globale regelverk som hindrar gribbefonda i å krevje og tene store summar på kostnad av fattige land. Ein start kunne ha vore og tvunge private kreditorar med i HIPC-initiativet, for å unngå å skape desse situasjonane der multilateral gjeldslette frigjer litt kapital som gribbefonda siktar etter.

Til toppen

 

Lenker:

http://www.jubileedebtcampaign.org.uk/Vulture%20funds%20in%20more%20depth+2974.twl

http://en.wikipedia.org/wiki/Vulture_fund (inneheld god lenkeliste)

Zambia-saka-lenker:

http://www.ft.com/cms/s/0/f9684f5c-bf78-11db-9ac2-000b5df10621.html

http://en.wikipedia.org/wiki/Vulture_fund

Peru- Elliot Associates-saka-lenker:

http://www.financialpolicy.org/DSCNolan.htm

http://www.ft.com/cms/s/0/f9684f5c-bf78-11db-9ac2-000b5df10621.html

Erik Solheim har engasjert seg-lenker:

http://www.dagbladet.no/kultur/2007/07/30/507445.html

Til toppen

 

 

 

 

Nederst i skjemaet

Publisert: 13.06.2008

 
 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder