Bak sceneteppet i København er utviklingslanda opprørte. Grunnen til dette er at arrangøren av toppmøtet, Danmark, i lenger tid har jobba med ein alternativ avtaletekst. Delar av denne ikkje-publiserte teksten har allereie vorte vist til nokre av dei mest sentrale forhandlingspartane for å samle støtte rundt den. Danskane ser for seg å legge denne fram dersom landa under forhandlingane ikkje tilnærmar seg kvarandre. Danske myndigheiter ønsker over alt at det nye avtalesettet skal bære namnet “København”. Denne teksten kan leggast fram seinast innan onsdag neste veke, altså før høgnivå-delen.
Teksten er svært kritisert. Dette både iforhold til innhald, prosess og mangelfull basering på prinsippa og målsetjingane klimakonvensjonen. Kritikken frå forhandlingsgruppa av utviklingsland, G77/ Kina, går på at forhandlingsspora under FNs klimakonvensjon er dei einaste legitime forhandlingsrammene. Danmarks tekst-arbeid undergrev dei demokratiske rammene ein forhandlar innanfor. Det er også klart at dei som har fått innsyn i delar av forhandlingsteksten er store utsleppsland – og ikkje land som er hardast råka av klimaendringar eller har størst behov for finansielle overføringar. Fleire utviklingsland føler seg oversett av Danmark i denne prosessen. Dette er ei haldning det sivile samfunn i stor grad støttar.
|

|
|
|
Gatebildet i København i disse dager. |
|
Det ryktast at prinsippet om felles, men ulikt ansvar som kanskje er det viktigaste i klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen også vert kraftig tona ned. Dette vil seie at ein bryt fundamentalt med prinsippet om at land med historisk ansvar for klimaendringane og økonomisk kapasitet til å løyse desse skal ta på seg storparten av klimabyrden.
Det danske alternativet går i tillegg vekk frå prinsippet om demokratiske finansieringsordningar og talar for å kanalisere klimafinans gjennom Verdsbanken. Den danske teksten legg berre opp til at utviklingsland får ti milliardar kroner for å redusere klimautsleppa sine. Talsmenn for forhandlingsgruppa av utviklingsland seier følgande om dette:
Summen er ikkje nok til at vi får kjøpt kister til alle som dør på grunn av klimaendringene.
Sjølv om Danmarks tekst enno er eit uformelt papir, påverkar dette også steminga under forhandlingane. Det er lagt opp til ein del møter mellom den danske klimaministeren og minsterar frå rundt 40 andre land den komande helga, og nokre meinar teksten kan bli presentert i sin heilskap der. Det kan av denne grunn vere mindre motiverande for forhandlarar å konsentere seg om tekstutkasta ein har arbeid med dei siste to åra. Samstundes går det rykter i på Bella-senteret om at Kina saman med nokre andre land har førebudd ein tredje forhandlingstekst for å ivareta deira posisjonar på ein betre måte.
Konklusjoenen er uansett at interessene til land som utan skuld er offer for klimaendringane blir undergravd i prosessen, slik Danmark går fram. I mine auge treng ein ikkje gjere verda meir urettvis enn den allereie er!
Kontakt:
Frikk Nesje, leiar av klimapolitisk utval i Changemaker (i København)
Tlf: 90 65 27 44 E-post: