Håndvåpen i Sentralafrikanske republikk
Opprørstyrkar i den Sentralafrikanske Republikk i 1996 og 1997 fekk tak i handvåpen ved å stele frå militæret og frå politistyrkar. Desse våpna var produserte i NATO-kaliber. Då det viste seg å vere umulig for opprørarane å få tak i riktig type ammunisjon til desse våpna, vart dei toppfunksjonelle automatgeværa like godt kasta i elva.
Handvåpen i Burundi
I 1994 stal geriljagrupper våpen frå FN-styrker, men klarte ikkje skaffe riktig ammunisjon. Våpna blei derfor ubrukelige.
Handvåpen i Liberia
Ei geriljagruppe i Liberia måtte i 2003 stoppe eit planlagt angrep fordi dei gjekk tom for ammunisjon.
Handvåpen i Afghanistan og Irak
Jamn strøm av handvåpenammunisjon er viktig i krig – det opplever til og med dei amerikanske soldatane i Afghanistan og Irak. Dei må rasjonere handvåpenammunisjonen sin fordi dei ikkje får etterfylt ammunisjonen i tide på grunn av underproduksjon av handvåpenammunisjon i USA. Det amerikanske forsvaret har fordobla etterspørselen av handvåpenammunisjon mellom 2000 til 2005 med den aktive krigføringa i Irak og Afghanistan. USA er storimportør av slik ammunisjon, mest frå Israel og Sverige. NAMMO-konsernet sin ammunisjonseksport til USA veks også på grunn av desse krigane.