I dag på mandag 31. oktober (Halloween), var rundt 20 Changemakere utkledd i Halloween-kostymer ute og markerte dagen på ein litt annleis måte. For å få til rettferdige handelsavtalar, og ikkje at fattige land skal bli triksa med av rike land, gjekk vi frå departement til departement på ein "Trick or treaty"-runde i samanheng med norske handelsposisjonar i både WTO (Verdas handelsorganisasjon) og bilaterale handelsavtalar. Dette er sjølvsagt ein del av Changemakers stigekampanje.

Nærings- og handelsminister Giske (Ap) møtte CM-Halloween-aktivistar.
Trond Giske var heller knapp i svaret frå Changemakers utfordring (overlevert i dagsaktuell bøtte) om meir openheit, men kosta på seg nokre smil i den lystige og solfulle aksjonen.

Changemaker-leiar Markus Nilsen (til venstre) gav Giske Halloween-bøtta med utfordringar og stigekampanjemateriell frå Changemaker.
Mat- og landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) stilte villig opp til Trick or treaty-spørsmål. Han inviterte til eit lengre møte der vi kunne diskutere. Men han fortalte at det var "tungt og vanskeleg" å forhandle i det "store og tunge" WTO-systemet, då Changemaker lurte på om han ville kjempe i lag med fattige land for å la dei få beskytte seg mot dumping på same måte som rike land kan.

Landbruksministeren og Senterpartipolitikaren var ekstra fornøgd med å helse på Torbjørn som hadde kledd seg ut som bonde.
Vi møtte òg statssekretær Erik Lahnstein i Utanriksdepartementet. Han inviterte til eit møte der vi presenterte krava våre i stigekampanjen, og vi møter han snart igjen.

Med beinharde politiske krav i ei Halloween-bøtte kan ein smile òg.

Ingen kan trekke i trådane til Espen Oskeladd-nordmannen som ein amerikanar i dress.

Markus og handelspolitisk leiar Johan Hermstad er skumle aktivistar.

Medan vi venta på Giske: graskarsmilefjes på Changemaker-aksjon.