Hopp direkte til innhold

Statsbudsjettet - Ingen fornybarsatsing i sikte

Changemaker er positive til den auka satsinga på kollektivtrafikk og jarnbane frå regjeringa, men er skuffa over støtta til fornybar energi. – Ingen fornybarsatsing i sikte frå dei raudgrøne, seier leiar i klima- og miljøpolitisk utval, May Therese Vorland.

Forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i dag viser tydeleg at olje og fossil energi framleis er det viktigaste for regjeringa. Når Olje- og energidepartementet (OED) får 4,5 milliardar til ”miljørelaterte tiltak”, går over halvparten til å prøve å gjere oljen og gassen reinare (karbonfangst og lagring). OED får òg auka støtte til tiltak som t.d. leiting etter og opning av oljefelt med 37 % medan dei kuttar tiltak til omlegging til og forsking på fornybar energi med 3,7 %.
Maya Vorland
-    Klimaendringane er her allereie og det er dei fattige som blir ramma hardast av at rike land som Noreg berre dundrar på med meir fossil energi som løysing. Vi når aldri FNs mål om å avgrense den globale oppvarminga til to grader utan meir satsing på fornybar energi enn vi ser i dette budsjettet, seier Vorland.                

I ein kronikk i Dagbladet i dag skriv miljø- og utviklingsminister Erik Solheim m.a. at ”hjemlige utslipp må ned.” og ”vår største utfordring er oljen.”. Men utanom ein liten kollektiv- og jarnbaneauke, er det i statsbudsjettforslaget mest kvotekjøp og regnskogbevaring.

-Nesten alle utsleppsreduserande tiltak er i utlandet. Korleis heng det på greip, Erik Solheim, når klimaforliket seier at to tredelar av utsleppskutta skal skje i Noreg, spør Vorland.

I budsjettforslaget står det at Noreg skal vere leiande innafor utviklinga av miljøvenleg teknologi. Changemaker meiner regjeringa bør ta eigne løfte på alvor:

-    Dei raudgrøne bør putte penga der kjeften deira er og heller redusere oljeløyvingane og satse meir på overgang til og utvikling av meir fornybar energi, seier Vorland.

Publisert: 06.10.2011

 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder