Sommar-SNU = SørNordUtvikling(sseminar) og er Changemakers sommarleir. Changemaker inviterer til SommarSNU - denne gongen i vakre Lofoten!
På SNU skal vi ha oljefondsdebatt og handelskampanjeslepp. Politiske diskusjonar om temaa nedafor som f.eks: oljefritt Lofoton - vart vi lurt? Dette krydra med surfing, volleyball, tidevasskraftverksightseeing, midnattssoltur, lavvosoving og festmiddag er berre litt av Sommar-SNU!
Norge - dobbeltmoral bedre enn ingen moral?
Nektar Norge u-landa verktøy for utvikling gjennom handelspolitikken?
Oljefondet: bidreg Norge til fattigdom eller utvikling?
Oljeeventyr eller fornybare ventyr? Tidevasskraftverk mot oljeboring.
Norge som våpeneksportør - kult eller ukult?
Eksplosiv gjeld - ikkje berre eit europeisk problem.
- Opplev alt Lofoten har å by på - frå fæsksløying til kunst.
- Fisketur i havgapet og fjellturar.
- Lett å komme fram: fellesbuss frå Oslo og Trondheim!
Hopp på undervegs!
Ta med deg ullgenser og solbriller - vi stiller med midnattssol og engasjement!
Koster berre 500,- for bussen opp og ned, og 500,- for sjølve leiren.
