No som moroa begynner å nærme seg kan du kanskje lure på om SNUcrew (gjengen som arrangerer) er stressa på planleggingsfronten? Det kan vi avkrefte! Rykter seier at dei i tillegg til å planlegge SNU også bruker våren til å dra ned aldersgjennomsnittet på organiserte vandringar i botanisk hage. Men kva slags merkeleg gjeng er det som planlegg SNU – og kva skal SNU-programmet innehalde? Programmet vil bli lansert 1.juni, men kvar dag fram til det vil eit medlem frå SNUcrew fortelje litt om SommarSNU.
I dag: Jon Øgaard Schjelderup (sentralstyret og SNUcrew) og Elias Dahlen (SNUcrew).
Kva blir det beste på årets SommarSNU? 
Jon: Kjekke aktivitetar, sosialt bussmaraton og midnattssol med bålbrenning på stranda.
Elias: Jeg gleder meg til lange kvelder under midnattssolen omgitt av Norges beste natur. Og selvfølgelig et knakende godt program og masse bra folk!
Viss SommarSNU hadde vore ein film, kva for ein film ville det vore?
Jon: Eg trur SNU vil bli litt som introduksjonsvideoen til Microsoft Word '97... Neidå, sjølvsagt Harry Potter-filmane, fordi me skal ta Bøstad-ekspressen til Bøstad høgare skule for changemakeri og trivseldom.
Elias: Hmm, Freddy Bueller´s Day Off? Bare gøy, gøy, gøy.
Kva er ditt hemmelege triks for å overleve ein laaaang busstur?
Jon: Improvisert radio på høgtalaranlegget og kollektive akrobatiske øvingar i midtgangen. Og tjukk bok og god musikk!
Elias: Bare ikke fall av!! Haha, neida. Vær sosial! Hvis man blir sliten av det i lengden (sånn som jeg), er lydbok en fantastisk ting!! Eller hva med en podcast?
Korleis skal du overleve eit SNU der det ikkje blir mørkt om natta?
Jon: Pytt, lyset gjer det bare lettare å halda seg vaken!
Elias: Døgne!
Kva for fordommar har du mot lofotværingar?
Jon: Min fordom er at dei har lo på foten. [Og alle dei som høyrde dette knakk saman av latter, for slik ei vitsing hadde dei aldri høyrt før!]
Elias: Veldig få. Eller de er litt høylitte, og snakker fra levra.