Sommar-SNU (Changemakers sommarleir) kan friste med mange ting i år. Lofoten, surfing, Erling Borgen, ny handelskampanje med meir. Og no senger!
På SNU blir ofte nettene brukt til alle andre ting enn å sove. Nokon badar og flørtar, nokre går for den djupe samtalen med nye og gamle vener, nokre syng og speler svisker og viser medan andre sit faktisk og diskuterer politikk til langt på natt. Men av og til må den tapre idealist kaste inn det altfor tynne liggeunderlaget og sove - og det er altfor ofte på altfor harde klasseromsgolv.
Men ikkje denne gongen! På Sommar-SNU 2011 skal vi sove på madrassar! Vi skal nemleg overnatte på Borg vikingleirskule som ligg på andre sida av tunet til skulen vi skal vere på i Lofoten. 
Her kan du melde deg på!
Her kan du lese meir om Sommar-SNU!
Litt meir realistisk sengeplass, men likevel seng. Foto: cc goldberg

Vikingstilig overnatting Foto: Borg vikingleirskule.
