Statssekretær Per Rune Henriksen (Ap) frå Olje- og Energidepartementet tok i mot resultatet av siste års hovudkampanje. Dette var avslutninga på Changemakers oljeavhengig-kampanje som har pågått sia sommaren 2010.
Vi var om lag 10 søvngjengarar ikledd nattluer, pyjamasar og slåbrokkar som saman med dei over 5000 andre oljeavhengige underskrivarane krevde at vi må vakne opp frå oljedraumen og innsjå verkelegheita.
- Norge har ligge i dvale alt for lenge når det gjeld klimaverkelegheita og vi er i ferd med å forsove oss til å stoppe klimaendringane som alltid rammar dei fattigaste mest, sa Markus Nilsen, leiar i Changemaker.

Statssekretær Henriksen var glad for engasjementet, men lovte lite.
Til svar frå Olje- og energidepartementet sin statssekretær fekk vi høyre at dei er glade for alle innspel til politikken, og at dei meiner dei gjer ein god innsats med sin miljøpolitikk.
I følgje ein studie frå det anerkjente Potsdam-instituttet i Tyskland må verda la tre fjerdedelar av dei kjente fossile ressursane ligge dersom ein skal nå togradersmålet. Utslepp frå norsk olje som blir eksportert til utlandet tilsvarer ti gonger så mykje som Noregs samla nasjonale utslepp.
Så oljeavhengig-bodskapen vår skal dei få høyre igjen!

Changemaker-leiar Markus synest regjeringa bør vakne opp.
Stortinget vedtok i 1974 at ein skulle ha ein moderat utvinningspolitikk i Noreg. Det skulle vere eit tak på 90 millionar oljeekvivalentar i året. I 2004 tok vi opp 221 millionar tonn, over dobbelt så mykje. Kunnskapen om kva som skaper klimaendringar og kven som blir ramm hardeat av dei er adskillig tydelegare enn i 1974. Likevel har regjering og storting i forvaltningsplanen som vart vedtatt av Stortinget på onsdag opna nye enorme område for oljeboring utan at ein tanke vart gitt til klimaendringane dette skaper.
- På 70-talet hadde vi ein plan for olja. No er oljeindustrien sluppe laus i fri dressur mens regjeringen ligg neddopa av oljeinntektene. Kunnskapen om klimaendringane har mildt sagt vorte tydelegare sia då, men regjeringa har sovna og det er på tide å vakne opp, det er på tide å lage ein plan for å møte klimaendringane, sa Markus Nilsen.

God stemning på aksjon mens vi venta på statssekretæren.