Avisa Vårt Land har i dag ei dobbelside om at Changemaker-leiar Markus Nilsen meiner tilvisingar til "Jesu ord" i Changemaker sine vedtekter kan vere ein terskel for å bli medlem for folk som ikkje er kristne. På framsida av avisa står det at han "ønsker å fjerne Jesu ord frå vedtektene".
Dette er feil frå Vårt Land si side. Markus var veldig tydeleg fleire gonger overfor journalisten på at han ikkje hadde noko ønske om å fjerne noko som helst.

FEIL: Vårt Land skriv i dag om eit ønske som ikkje er der.
Vårt Land laga sak om dette på bakgrunn av ein artikkel i Changemaker-magasinet der Markus og generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Atle Sommerfeldt, diskuterte forholdet mellom Changemaker og Kirkens Nødhjelp. Der vart mellom anna setninga "Changemaker bygger sitt arbeid på Jesu ord om nestekjærlighet og FNs menneskerettserklæring." i formålsparagrafen til Changemaker debattert.
I Vårt Land var sjølve saka heilt grei, der kom det fram at Markus tenkte høgt og vurderte saka. Det var til og med eit utheva sitat frå Markus: "Jeg har ikke noe ønske om at Changemaker skal fjerne seg fra det kristne verdigrunnlaget." Men då teksta på framsida av avisa var: "Markus Nilsen ønsker å fjerne Jesu ord frå vedtektene", synest vi Vårt Land har gjort ein grov feil. Vi har sendt eit innlegg til avisa som mest sannsynleg kjem på trykk i løpet av kort tid.
Har du spørsmål til dette kan du kontakte:
leiar Markus Nilsen på tlf. 98246441 og epost:
eller kommunikasjonskonsulent Vegard T. Foseide på 93242458 og på: vegard.foseide(a)nca.no