Filmen "Wind of change" laga av Spire-leiar Julia Dahr (og klipt av ein gammal Changemaker, Margrete Vinnem:) vart først vist for den stappfulle salen i går. Den gode, viktige og inntrykkssterke dokumentaren viser møtet med klimaendringane for ein bondefamilie i Kenya.
Så tok det av med debatt om klimaforhandlingane i Durban og kva Noreg bør gjere både der og her heime. Under god leiiing av Jan Egeland gjorde Jostein Gaarder salen både glad og engasjert med stor innleving og harde fakta. Kari-Anne Isaksen (Spire og LNUs klimadelegat til klimatoppmøtet i Durban) og Johanne Sæther Houge frå Naturvernforbundet talte ungdommens og sivilsamfunnets sak med stor støtte frå publikum.

Tjukt av folk på Parkteatret på Changemaker og Spires klimakveld.
Eli Blakstad (Statssekretær i Olje- og energidepartementet) og Karine Hertzberg (Den norske forhandlingsdelegasjonen, Sen.rådgjevar Miljødepartementet) var dei offisielle reprentantane, og statssekretæren skuffa med å stadig vise til at "styret i Statoil" er dei som bestemmer mest i klimapolitikken i Noreg.
Men til slutt - heldigvis - kom leiar i Changemaker, Markus Nilsen, på banen og utfordra kvar og ein av debattantane og gav alle ein god avslutning og eit håp om at vi kan få til ein klimaavtale i Durban.

Markus Nilsen utfordra panelet til slutt.