Hopp direkte til innhold

Faklar mot olje i Nord

Over 1000 brannfaklar går mot Stortinget på onsdag. Bli med du òg!

Det blir snart avgjort om regjeringa går for oljeutvinning utafor Lofoten, Vesterålen og Senja, og tida er inne for å seie klart i frå om at områda framleis skal vere stengte for oljeindustrien. Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja arrangerer fakkeltog 9. mars. 

No står slaget!Fakkeltog

Før påske skal regjeringa bestemme seg for om dei skal starte opningsprosessen av havområda utafor Lofoten, Vesterålen. Valet står mellom verre klimaendringar, naturmangfald, fisk og turisme - eller skitten oljeindustri. Mellom ei fornybar framtid, eller auka utslepp. Valet burde vere enkelt.

Oppmøte Jernbanetorget kl.18.00 onsdag

Fakkeltoget blir den siste store massemønstringa for eit Lofoten, Vesterålen og Senja uten oljeverksemd før regjeringa tar avgjerda. Vi oppmodar alle, gamle som unge, å møte opp på Jernbanetorget onsdag 9. mars klokk 18.00. Derifrå går toget til Stortinget, der det vil bli appellar ved m.a. Gaute Wahl, leiar i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, og musikk ved Mari Boine.

Hendinga på Facebook

Tida er inne for å ta standpunkt, og seie klart ifrå: Hald Lofoten, Vesterålen og Senja oljefritt!

Publisert: 07.03.2011

 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder