Hopp direkte til innhold

Feature Graphic

Changemakerhelg i Bodø, Bergen og på Kvam

Helga 14.-16.oktober vert historisk i Changemakersamanheng. Vi inviterer til tre samlingar stappa med Changemaker og moro i vest, aust og nord!

Klikk her for å melde deg på


KVA ER CHANGEMAKERHELG?

Ei helg kor ungdommar mellom 13 og 30 år samlast for å diskutere politikk, ha det gøy og forandre verda! Tre regionale Changemakerhelger arrangeres SAMTIDIG. Det betyr at reisen ikke vert så long, og at dei ein blir kjent med i løpet av helga kanskje kjem frå ein plass i nærleiken av der ein sjølv kjem frå. Då kan ein samarbeide vidare når ein kjem heim også!

Det vert på alle tre plassane mellom anna politisk skulering, debattar, god mat, bading, sport og spel, aksjon, kreative verkstader, festmiddag, topp stemning og artig aktivitet.


KVA FOR CHANGEMAKERHELG SKAL EG MELDE MEG PÅ?

For dei som bur på Sørlandet og Sør-Vestlandet er det Changemakerhelga i Bergen som gjeld. Vi skal bu på Møhlenpris skule, og det blir gode innleiarar, fløibanetur, aksjon i Bergen sentrum, akvariebesøk, debattar og mykje mykje meir.

For dei som bur i Trøndelag og Nord-Noreg er er det Changemakerhelga i Bodø som gjeld. Vi skal bu på Bodøsjøen skule, og vi skal aksjonere på nord-norsk vis, hygge oss i lavvo om kvelden, politisk skolerast og mykje anna moro!

Og til sist: For folk frå Austlandet og Nord-Vestlandet møtast på midten på Kvam i Gudbrandsdalen.
Vi skal bu på Kvam skule og vi har mellom anna leid ein symjehall på laurdagskvelden! Vi skal skulerast i viktig Changemakepolitikk, ha kreative verkstader og mykje anna skøy!


KVA KOSTAR DET? OG FÅR EG MEIR INFO?

Altså, her melder du deg på - hugs at det er viktig å melde seg på rett plass! Det kostar berre 250 kroner! Det vil bli mogleg å søke om reiseutjamning om du har store reiseutgifter.

Endeleg program for helgene for verdsforandrande Changemakerar kjem snart på mail til dei som har meldt seg på. Sentralstyret og dei politiske utvala vil fordele seg på dei tre Changemakerhelgene sånn at alle skal få eit heidundrande godt politisk og triveleg innhald.

Har du fleire spørsmål eller ønskjer meir info, send mail til:

Publisert: 12.09.2011

 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder