Hopp direkte til innhold

Changemaker i Durban

Dei tre utsendingane Maja, Frikk og Jon frå Changemaker aksjonerer, observerer og pressar på for resultat av klimaforhandlingane.

Maja, Frikk, Harboe og Jon i Durban
F.v.: Maja, Frikk, Noregs sjefsforhandlar Henrik Harboe og Jon. Foto: Miljøverndep.

Maja Gudim Burheim er leiar i klimautvalet, Jon Schjelderup er sentralstyremedlem og klimautvalsmedlem og Frikk er klimautvalsmedlem og røynd klimaaktivist. Dei er alle utsendingar frå Changemaker, og er både vaktbikkje og motivator for den norske delegasjonen i Durban.

- Vi er mellom anna aktivt involvert i det offisielle ungdomsnettverket til FN i klimaforhandlingane, YOUNGO. Der samarbeider vi om utspel og aksjonar, vi diskuterer og får gode oppdateringar, seier Maja.

Dei tre Changemakerar-heltane spring frå møte til datamaskin til møte i det gigantiske konferansesenteret. Det er viktig å få informasjon for så å få informasjonen ut. Men innimellom er det tid til god, gammaldags aksjonering.

Jon i Durban
Lille-Jon er med og gir Robin Hood Champion Award til land som støttar finansskatt (FTT) til å fylle det grøne klimafondet (GCF).

- Noreg må sjå ansvaret sitt og arbeide for ein effektiv og rettferdig avtale der fattige lands rett til utvikling blir sikra. Vi gav ein pris til Pakistan pga. støtte til ein skatt på 0,05% på finanstransaksjonar, som bør gå til å finansiere klimatilpassingsprosjekt i fattige land. Denne Robin Hood-skatten er ei rettferdig fordeling av pengar, der dei rike som har bidrege mest til klimaendringane tek rekninga, seier Jon.

Frikk i Durban
Freidige Frikk fann Kinaklimapaviljongen.

- We don't just need a climate fund,we need a JUST climate fund, seier Frikk.

Les hyppige og yppige Durban-oppdateringar frå klimagjengen vår med endå meir relevant politisk bodskap på Changemaker-bloggen.

Maja og Kari-Anne og Pachauri
Maja og Kari-Anne Isaksen (Norsk ungdoms offisielle delegat, Spire-medlem) møtte leiaren for FNs klimapanel, fredsprisvinnar Rajendra K. Pachauri.

Maja i DurbanInnimellom slaga får Maja tid til å oppdatere bloggen sin "Grønt klimafond?? Hvorfor ikke rosa lizm?".

Publisert: 07.12.2011

 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder