Hopp direkte til innhold

Changemaker fekk fredspris

Changemaker fekk årets fredsfestivalpris av Bømlo folkehøgskule.

Under den årlege fredsfestivalen som Bømlo folkehøgskule arrangerer, deltok mellom anna Changemaker ved leiar Markus Nilsen på ein del av programmet. Og kvart år stemmer elevane på folkehøgskulen over kven av deltakarane som fortener ein fredspris, som består av eit smellvakkert diplom og faktisk ein liten pengesum til det gode arbeidet vinnaren driv. Og Changemaker vann årets avstemming! Så forrige veke var det utdeling der kommunikasjonskonsulenten i Changemaker tok imot prisen, i tillegg til å få lurt inn litt Changemaker-propaganda til elevane.

Her er ein videosnutt om festivalen frå avisa Sunnhordland.

Kommunikasjonskonsulent Vegard Foseide tek imot fredspris frå Lydia Kirksæther
PRISUTDELING: Kommunikasjonskonsulent i Changemaker, Vegard T. Foseide, tok imot prisen frå festivalsjef Lydia Kirksæther.

Bømlo folkehøgskule er elles ein veldig kul skule, for frå hausten av skal dei ha eit eige Changemaker-valfag! Der kan elevane velje å bruke eit par timar i veka på Changemaker-relaterte aktivitetar - rett og slett rått!


BømloNytt om fredsprisen
LOKALAVIS: BømloNytt dekte fredsprisutdelinga.

Publisert: 26.05.2011

 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder