Fleire og fleire land har fått si eiga Changemaker(CM)-rørsle i gang, både med og utan CM Noreg si hjelp. Det internasjonale nettverket har sakte vakse fram med eitt møte kvart år for å diskutere kor tett eller laust dei ulike landa skal samarbeide, om vi skal ha felles politiske kampanjar, kva CM eigentleg er og mykje meir. Dette siste møtet førte mellom anna fram til opprettinga av ei arbeidsgruppe som skal jobbe tettare og oftare saman enn det årlege møtet.
CM Noreg vart representert av avtroppande nestleiar Jon André, påtroppande nestleiar Ingrid og leiar av internasjonalt utval, Mari.

Frå v. Nawal, Shami, Henrik, Ruth, Jon André, Mari, Bill, Ingrid, Oluf, Ella, Doreen, George. Sitjande Olla og Helen.
Det internasjonale møtet føregjekk samstundes med eit landsstyremøte i Changemaker. Der møtte representantar frå CM sine lokalgrupper for å utveksle erfaringar, diskutere og avgjere mykje av kva CM skal gjere i haust, kva CM skal prioritere med meir. Denne gongen vart t.d. CM sitt årshjul vedteke, der dei fleste større arrangementa CM skipar til i løpet av året er nedskrivne.

Mari og Andrine frå Changemaker Toten, og Mari frå Changemaker Volda/Ørsta på sitt første landsstyremøte.