Markus Nilsen frå Kristiansand fekk i helga ny tillit som leiar av Årssamlinga i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Den blide og debattglade studenten har vore leiar i ett år, og gler seg til å ta fatt på eit nytt år som politisk aktivist på heiltid

- Eg er utruleg stolt og privilegert over å få lov til å leie så mange engasjerte, kunnskapsrike og artige ungdommar, seier Nilsen.
Han vart attvalt på helgas Årssamling (landsmøte) i Oslo av rundt 45 Changemakerar frå heile landet.
Dobbelmoralsk norsk handelspolitikk
Det siste året har Changemaker jobba mot norsk oljeavhengigheit med å aksjonere og samle underskrifter mot m.a. oljeboring utafor Lofoten. Det neste arbeidsåret skal Changemaker ha ein stor kampanje der dei rettar fokus på norsk dobbeltmoral i handelspolitikken.
- Vi har vist igjen at det går an for norsk ungdom å forandre norsk politikk med oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. No skal vi få Norge til å slutte å nekte fattige land å bruke dei same verkemidla for å utvikle seg som Norge brukte då vi ikkje var så rike som vi er no, seier 26-åringen.
Global Helse, Oljefond og jagarfly
Changemaker vedtok òg at Global helse med fokus på Oljefondet (Statens Pensjonsfond- Utland) skal vere hovudtema i dei neste to åra. Det vart òg vedtatt fråsegner om å trekke norske styrkar ut av Afghanistan, og at Norge må trekke seg frå avtalen om kjøp av av Joint Strike Fighter-jagarflya.
For spørsmål og meir informasjon, kontakt Markus Nilsen på tlf. 9824 6441 eller kommunikasjonskonsulent i Changemaker, Vegard Foseide, på tlf. 9324 2458
Changemaker er Norges største utviklingspolitiske ungdomsorganisasjon.
Jobbar for å endre dei grunnleggande årsakene til fattigdom og urettferd. Om lag 1500 medlemmer i lokalgrupper over heile landet.