 |
| Frikk Nesje følger forhandlingene i Barcelona. Foto: Nina Rose |
Målet med toppmøtet i København er å kome fram til korleis ein skal stoppe effektane av klimaedringane frå 2013 og utover. Eit slikt avtaleverk har lenge sett ut til å bli ei vidareføring av Kyoto-protokollen, i tillegg til at ein framforhandlar forpliktingar for USA og utviklingsland som ikkje er forplikta gjennom denne protokollen.
Grunna eit lite spesifikt forhandlingsmandat er ikkje dette det einaste mulige utfallet av forhandlingane i København. Ein kan til dømes også ende opp med ei politisk erklæring eller framforhandling av ein ny protokoll som gir alle land forpliktingar. Desse alternative har blitt løfta fram av forhandlingspartane denne veka.
Dei nye vegane
Det er problematisk å starte framforhandlinga av ein fellesprotokoll berre ein månad før klimatoppmøtet i København. Ei står i fare for at ei slik heilomvending i forhandlingsprosessen vil ende i ein protokoll som legg opp til frivillige bidrag eller vert mindre juridisk bindande enn dagens avtaleverk.
Eit anna problem er at rike og fattige land får forpliktingar på same grunnlag. Dette er land med både forskjelleg historisk ansvar for klimaendringane og ulik økonomisk kapasitet til å løyse desse, noko som ikkje nødvendigvis vil bli festa i ein ny avtaletekst i ein ny protokoll.
Tankane om ein ny, felles protokoll er lagt fram av USA. EU støttar denne tanken, og vil tilskrive denne meir tid under forhandlingane. På sidelinja i det politiske spelet sit Noreg og ser på – utan å seie stort. Under forhandlingane er det vanskeleg for andre land å vite kva Noreg meinar, vi har til no sitte som ein nyttig idiot for USA. Tanken om å gå vekk frå Kyoto-protokollen, som slår fast at landa som har bidrege til klimaendringane skal ta ansvaret for å ta kutt i klimagassar, får motstand frå både utviklingsland om det sivile samfunn.
Afrika krev levering av tal
På måndag stranda forhandlingane angåande vidareføring av Kyoto-protokollen. Forhandlingsgruppa av afrikanske land sa at dei ikkje ville fortsetje forhandlingane i gruppa før rike land offentleggjorde tal på kva dei seier seg villige til å kutte med frå 2013. Denne holdninga vart støtta av 140 land, av desse mellom anna Kina.
Tysdag kveld vart det kalla inn til ekstraordinært møte, der ein kom fram til eit kompromiss. Ein vil bruke mesteparten av den gjenståande tida i dette forhandlingssporet på forhandling om rike lands forpliktingar. Resten vil stå tilgjengeleg til andre ting, mellom anna andre alternativ til utforming av avtala. Dette kompromisset fell dersom rike land ikkje legg fram sine planar.
Onsdag har det pågått lukka møte, der rike land presenterar sine utsleppsmål. Dei skil her mellom kva dei planlegg å ta heime gjennom kvotekjøp og endringar i arealbruk. Noreg hadde ikkje lagt fram sine planar for gruppa enno då eg snakka med den norske delegasjonen før i dag. Det er også problematisk at Noreg enno ikkje har konkludert med kor stor del av forpliktinga si, slått fast i den nye regjeringserklæringa, vi vil ta gjennom karbonmarknaden.
Vegen framover
Målet med København må vere å havne på eit ratifiserbart resultat, der forlenging av Kyoto-protokollen er det sentrale. Ein må i tillegg få med USA, men det vert feil slik prosessen har vore i Barcelona. Her ser det ut til at rike forhandlingspartar er villige til å ofre Afrika til fordel for USA. Nyindustrialiserte land bør også ta på seg å bremse deira vekst i utsleppstrend. Rike land må gjere tilgjengeleg midlar for finansiering av tilpassing og utsleppskutt i utviklingsland.
Les Frikk sin blogg fra forhandlingene her.