Changemaker fekk med seg ICAN, Unge Venstre, Senterungdommen og KrFU på overleveringa. Leiar i Changemaker, Markus Nilsen, og Anne Marte Skaland i ICAN Noreg utfordra statssekretæren og gav han underskriftene. Eide svarte at det er eit strategisk val om vi skal jobbe for eit forbod/konvensjon mot atomvåpen, eller for nedrustning innafor NPT (Ikkje-spreiingsavtalen). Han lovte oss altså ingenting, men kampen er i gang!

Moderne aktivistas: Den nye generasjonen atomvåpenskeptikarar.
Det var ei annleis forsamling anti-atomvåpenaktivistar utafor Utanriksdepartementet denne solrike maitorsdagen. Dette er nytt for Changemaker, og vi fekk med oss ungdomsorganisasjonane til dei gamle sentrumspartia KrF, Venstre og Senterpartiet.
Statssekretær Barth Eide helste på alle dei om lag 20 oppmøtte, og for å blidgjere oss då han ikkje kunne love oss fullt gjennomslag, mimra han litt om sin eigen ungdom då han gjekk i tog mot atomvåpen.

God stemning på aksjon trass i framleis usemje mellom UD og CM.

Frå høgre Sveinung Rotevatn frå UV, Elisabeth Løland frå KrFU, Lars Vangen frå Senterungdommen og Anne Marte Skaland frå ICAN.