Hopp direkte til innhold

Slå opp med bomba!

I 66 år har menneska vore i eit forhold med atombomba - det er på tide å slå opp med bomba!

Denne månaden har Changemaker ein kampanje for eit forbod mot atomvåpen. No er det på tide, og Norge kan spele ei viktig rolle for å få dette til - viss vi krev det!

Obama, Putin, Støre, Changemaker...og du?

Obama har sagt det. Vladimir Putin har sagt det. Til og med vår eigen utanriksminister Jonas Gahr Støre har sagt det. Og no syng Changemaker med:     Vi vil gjere det slutt med atomvåpna.

Changemaker i Bergen starta i helga kampanjen: "10 ting eg hatar med deg" 


Foto og redigering: Ingebjørg Braseth.

Atomvåpen er det mest inhumane våpenet som finst. Blir atomvåpen brukt igjen, vil det forårsake hundretusenvis av drepte og såra. Heile samfunnet vil bli ramma, og det vil bli så godt som umogleg å yte medisinsk hjelp. Den einaste medisinen som hjelper er førebyggande. 

SKRIV UNDER HER for å få ein start på slutten for atomvåpen

Ti ting vi hatar med atombomba

Atomvåpen bidreg òg til at verda i dag blir styrt av makt og ikkje av rett. Å true andre statar med å bli utsletta er eit usivilisert maktmiddel som på ingen måte høyrer heime i ei verd basert på lov, rett og prinsipp om rettferd.

Handling > Ord

Dei fine orda til Obama, Putin og Støre er ikkje nok. Visjonar krev alltid aktiv handling. Derfor støttar Changemaker kravet om eit juridisk bindande forbud mot atomvåpen. Eit 66 år gamalt forhold bør nærme seg slutten ein gong for alle.

Vi i Changemaker erklærer med dette: «Det er slutt! Vi slår opp med atombomba».

Norge spelte ei viktig rolle som pådrivar for forbodet mot klasevåpen. Changemaker ber no regjeringa: Ikkje kast bort høvet til å bidra til forhandlingar om å forby eit enda mer inhumant og usivilisert våpen, atomvåpna!

Changemaker Bergen demonsterer
Bergens-Changemakerane samla òg underskrifter på kampanjesleppet.
Foto: Endre Midstigen.

Det er slutt med atombomba-plakat
Kampanjeflygebladet frå Changemaker sitt fredsutval.

Publisert: 14.03.2011

 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder