110 ungdommar aksjonerer mot norsk dobbelmoral i Svolvær
Norsk handelspolitikk er med på å nekte fattige land høve til å ta i bruk dei same verkemidla som Norge brukte for å utvikle seg og bli rik. Changemaker lanserer på tysdag i Svolvær i dag kl.17.00 ein ny landsomfattande kampanje imot norsk dobbelmoral, der 110 ungdommar frå heile landet skal ut på gata og vise kor urettferdige konsekvensar norsk politikk får i tillegg til å samle underskrifter.
-Norge nektar fattige land å utvikle seg på samme måte som vi har gjort – vi krev at Norge ikkje skal dra opp stigen etter seg, seier leiar i Changemaker Markus Nilsen.
Changemaker-aktivistane stiller mellom anna med ein 4 meter høg seddelbunke med stigar på som gullglitrande personar frå rike land dreg opp frå fattige folk på bakken som prøver å få tak i stigane mens dei klagar/ropar slagord og kampanjesongar.
-Til dømes då utanlandske oljeselskap kom til Norge på 60-talet for å utvinne olje, krevde Norge at norske arbeidarar og norske leverandørar skulle bli brukt. I dag krev Norge at fattige land ikkje skal kunne krevje det same som vi gjorde. Det er dobbelmoralsk og det må regjeringa slutte med, seier Nilsen.
Krava i kampanjen er:
-Også fattige land skal ha høve til å beskytte seg mot dumping av jordbruksvarer.
-Også fattige land skal ha høve til å krevje at innbyggarane deira blir brukte som arbeidarar og leverandørar når selskap etablerer seg i landet.
-Norge må vere opne og ærlege om handelspolitikken vi fører og arbeider før.
For meir informasjon kontakt:
Markus Nilsen, leiar i Changemaker på tlf. 98246441 eller
Vegard Foseide, kommunikasjonskonsulent i Changemaker på tlf. 93242458,
.
Changemaker er Norges største utviklingspolitiske ungdomsorganisasjon med om lag 1700 medlemmer og over 20 lokalgrupper over heile landet. Vi er Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon og jobbar for å fjerne årsakene til urettferd og fattigdom.