Over 100 Changemakerar trassa i går regn og vind i Svolvær for å sparke i gang den nye kampanjen vår for ein rettferdig norsk handelspolitikk. - Deilig å kome i gang, seier Changemaker-leiar Markus Nilsen.
Som ein del av Changemakers SommarSNU i Lofoten vart den nye hovudtemakampanjen vår lansert med brask og bram. Den fire meter høge seddelbunken var midtpunktet i aksjonen. Der dreiv Norge og trekte opp stigen etter seg mens fattige land stod på bakken og vart nekta å klatre i utviklingsstigen.

Stigen blir trekt opp av rike land så fattige ikkje klatre opp kan.
I den enorme aksjonsstarten på torget i Svolvær samla vi inn eit par hundre underskrifter og song kampanjesongar og ropa slagord. Vi hadde òg tre ulike "postar" der kvart krav i kampanjen vart illustrert for dei få, men ivrige forbipasserande.
Jan Erik Skarstein (t.v) spelte eit fattig land som vart utsett for dumping av tomatar og sukker.Kampanjekrava:
-Også fattige land skal ha høve til å beskytte seg mot dumping av jordbruksvarer.
-Også fattige land skal ha høve til å krevje at innbyggarane deira blir brukte som arbeidarar og leverandørar når selskap etablerer seg i landet.
-Norge må vere opne og ærlege om handelspolitikken vi fører og arbeider før.
Andrine, Brita, Ida, Ingrid, Maren, Sandra, Conny, Johanne og Mari skapte gode vibrasjonar i Lofoten-regnet.
Jarand Ullestad og Gudjon Reynisson i fin aktiviststil.
Leiar Markus Nilsen diggar at vi endeleg er i gang med kampanjen!
Alle foto: Kristine Marie Sandvoll Lindebø/Changemaker