Hopp direkte til innhold

- Finn tilbake til Soria Moria!

Dei tre raudgrøne ungdomspartia og Changemaker putta i dag Stoltenberg, Navarsete og Halvorsen på plass tilbake på vegen til Soria Moria. - Det er for lite samsvar mellom mål og faktisk politikk, meiner dei.

Over halvvegs uti perioden for den andre politiske plattformen for dei raudgrøne, ser vi at det gjeld spesielt i handelspolitikken, meiner leiarane for dei tre raudgrøne ungdomspartia. I dag aksjonerte dei saman med Changemaker for å finne tilbake til måla om ein rettferdig handelspolitikk i regjeringserklæringa, ved å sette modellar av partileiarane på plass i eit stort Soria Moria-bilde.

Markus set Stoltenberg på plass
CM-leiar Markus Nilsen set Stoltenberg på plass i AUFs sjukefråver.

Meir landbruk i Sør!

- Det trugar livsgrunnlaget for fattige bønder når billig mat blir dumpa på marknadene deira fordi det blir produsert for mykje i EU og USA. Eg forventar at regjeringa støttar utviklingslandas krav om ein skikkeleg tryggingssmoglegheit i WTO der dei kan stenge ute dumpa mat, seier Sandra Borch, leiar i Senterungdommen.

Senterungdomsleiar Sandra Borch
Senterungdomsleiar Sandra Borch set SP-leiar Navarsete på plass

I WTO har ikkje Noreg støtta utviklingslandas krav om ein fungerande antidumpingsmekanisme på landbruksvarer. På same tid har Noreg klart å beskytte seg mot dumping av 581 ulike landbruksvarer i gjeldande WTO-regelverk.

Rettferdig handel krev openheit

- Handel kan vere viktig for utvikling, men kan òg vere skadeleg. Difor må det vere rettferdig handel. For å unngå skadelege konsekvensar av handelen, må vi ha større openheit rundt handelspolitikken. Vi må få større innsyn i kva dei norske posisjonane i forhandlingar faktisk er. Vi kan ikkje ha det sånn at departement kan gå på autopilot for frihandel, seier leiar i SU, Olav Magnus Linge.
SU-leiar Olav Magnus Linge
SU-leiar Olav M. Linge set SV-leiar Halvorsen på plass

Når NHD forhandlar om handelsavtalar med enkeltland, får sivilsamfunnet vite veldig lite om norske posisjonar. Dette i kontrast med Soria Moria 2-politikken:   [..Regjeringa vil sørgje for ei god informasjonsformidling til den norske ålmenta om gangen i forhandlingane og dei norske posisjonane.].

-    Velferdsstaten vår er bygd på god norsk politikk gjennom heile forrige århundre. Vi kan ikkje nekte fattige land høvet til å utvikle eigne velferdsstatar med aktiv næringspolitikk, seier leiar i AUF, Eskil Pedersen (vart diverre sjuk, og kunne ikkje kome til aksjonen).

Noreg har bygd mykje av rikdommen sin på å stille strenge krav til utanlandske selskap sine investeringar i vasskraft og olje. I Soria Moria 2 lover regjeringa å [..ikkje må ta frå fattige land styringsrett og verkemiddel som har vore viktige for å utvikle vårt eige samfunn til eit velferdssamfunn.]. I WTO har Noreg i lag med ei rekke rike land pressa fattige i land til liberalisering av energitenester.

Aksjonen er i samband med Changemakers kampanje for ein meir rettferdig handelspolitikk, få meir info og skriv under her.

Publisert: 26.01.2012

 
Årstidene Control Arms Disarm Darfur Klimaspillet Fairtrade Sudoku Choca Monkey Den lille planeten Språkrådet Kreativt ressursmateriell til foredrag Politiske spill Refugee realities IFIwatch TV Hiv og aids-spill Foodforce Handelsspill Minerydder